Filmanalyse – Mamma Mia!
Av: Marion Huber
Mamma Mia! er ein britisk-amerikansk spellefilm frå 2008. Filmen er bygd opp kring historiane i den svenske popgruppa ABBA sine songar. Denne glade musikalen med kjende skodespelarar som Meryl Streep og Pierce Brosnan har tatt verden med storm. Filmen er regissert av Phyllida Lloyd. Produsentane er Benny Andersson, som var ein del av firkløveren som ABBA bestod av, samt Judy Craymer. Musikken i filmen er det Benny Andersson, Stig Andersson og Bjørn Ulvæus som har komponert.
Handlinga i filmen er om ei brud og hennar mor, og tre menn som er mulige fedre til brura. Her feirast mødre, døtre og fedre gjennom ei stor musikalsk oppleving. Det handlar om tapt kjærleik og ny som blir funnen.
Mamma Mia! går under sjangeren komedie og romantikk. Musikalen er full av kjente ABBA songar som gjennom mange tiår har vorte spela på utallige radiostasjonar og utestader rundt om i verda. Det er sanger ein lett får på hjernen, og går rundt og syng på. Songane er og med på å understreke handlinga i filmen. Dans og musikk gjer dette til ein romantisk gladfilm med mykje humor.
Handlinga i filmen finn stad på den idylliske greske øya Kalokairi. Sophie driv eit lite hotell, ”Villa Donna” med mor si Donna. Sophie har funnet sin store kjærleik, og skal gifta seg med kjærasten Sky. Alt er perfekt , men det einaste problemet er at ho ikkje veit kven faren er. Opptakta i filmen er at Sophie saman med sine to venninner les i dagboka til mora. Her finn ho ut at mora Donna var litt av ei festløve rundt tida ho vart unnganga, og at ho hadde eit eventyr med tre ulike menn. Utan at mora veit noko inviterer Sophie alle tre til bryllupet, og det er duka for forviklingar og flaue augeblikk. Vi får eit varsel om konflikten i filmen alt i denne opptakta, og det mest så vi gleder oss til det vi veit må skje.
I første del av filmen vert det ”sådd” mange inntrykk av dei personlege eigenskapane til hovudpersonane i filmen. Donna er ei hardtarbeidande livlig dame, som har levd ei lysteleg ungdomstid. Sophie er ei impulsiv gladjente som sjarmerer alle.
Vendepunktet i filmen er når alt er klart for bryllup, og Sophie og Sky står i kyrkja foran presten. Sophie innser plutseleg at ho ikkje treng å gifte seg no, det er så mykje dei kan oppleve saman først! Dermed blir det bryllup på Donna og Sam i staden, som finn ut av ting, og etter eit impulsiv frieri får dei endeleg kvarandre.
Dramatiske høgdepunkt
Det er ikkje mykje dramatikk i denne filmen. Eit dramatisk høgdepunkt er når dei tre mulige fedrane blir oppdaga av Donna etter å ha blitt innlosjert i geitehuset. Donna visste ikkje at dei i det hele tatt var på øya, så det er eit stort sjokk for henne å plutseleg finne dei tre ungdomsflørtane sine på same stad, dagen før bryllupet til dattera!

Lys og lyd
I filmen brukar produsentane musikk og dans som hovedverkemedel. Dansen syner og fremmer humøret og stemninga til ein kvar tid. Dessutan er det ein flott sydlandsk atmosfære gjennom heile filmen, og folk i alle aldre dansar og syng med til musikken. Filminga er også gjort i naturskjønne omgivelser, med mykje sol, lys og varme. Alt dette er med på å skapa ei glad filmoppleving. Det er i grunn ikkje mange andre verkemedel som blir brukt, men dei to ovenfor nevnte er mykje gjentatt og går som ein raud tråd gjennom heile filmen.

Avslutning/Vurdering
Mamma Mia! handlar om glede, kjærleik og impulsivitet. Gjennom flittig bruk av glad musikk, dans og moro når filmen ut til publikum i alle aldre. Filmen er tatt opp på ein idyllisk gresk øy, med sol, frilynte mennesker med åpne sinn! Starten er lykkeleg, og slutten er enda mer lykkeleg. Ein meget bra film for den som er glad i munter musikk og godt humør!
Filmen har vært ein stor suksess på verdsbasis og det er allereie snakk om ein oppfølger. ABBA- fans kan bare glede seg.

1 kommentar:
Bra og utfyllende analyse. Kanskje litt lite om selve oppbyggingen av filmen
Legg inn en kommentar